Årsmøte

Det vert årsmøte i Hardanger Bordtennisklubb i Norheimsund idrettshall torsdag 31. mai kl. 19.30. Vanlege årsmøtesaker.

Posted in Ymse | Leave a comment

Siger i sesongens siste seriekamp!

Hardanger spela torsdag sesongens siste kamp i 3. divisjon. Dette var eit skikkeleg botnoppgjer mellom dei to nederste laga på tabellen, og Hardanger slo Heros 3 6-4 i ein svært spanande kamp. Heimelaget sikra seg to poeng etter at Mathias Dahl Ellingsen overraskande vann 3-2 (11-9 i femte sett!) mot Petter Vedeler i den siste kampen!

Continue reading

Posted in Ymse | Leave a comment

Jack og Simon på regionssamling

Jack og Simon Feng var i helga på regionssamling i Laksevåg BTK sin treningshall i Bergen. Dei fekk med seg fire gode treningsøkter saman med regionens beste yngre spelarar og med Christine Mettner som trenar og Roger Andersson og Jens Rosenbaum som sparring.

Jack og Simon fortset no treninga fram mot Mega Cup på Lørenskog første helga i juni, som er sesongens siste turnering.

Posted in Ymse | Leave a comment

Vellukka treningssamling

Hardanger BTK hadde i dag ei vellukka treningssamling i idrettshallen i Norheimsund. Vår spelande trenar Kjell Stordal var på plass og gjennomførte to treningar med Jack og Simon Feng. I tillegg deltok Endre Furu og Håvard Markhus på kvart sitt pass, slik at me var fire spelarar på kvar trening.

Etter treninga var det kombinert middag og møte på kinarestauranten, der me snakka om resten av denne sesongen og neste sesong.

Me er no i innspurten av sesongen, det er få stemner og dei aller fleste spelarane har teke sommarferie. Då passar det fint med slike samlingar for våre mest aktive spelarar.

Sist helg feira Kjell Stordal med desse pokalane etter veteran-NM. I dag var han på treningssamling i Norheimsund.

 

Posted in Ymse | Leave a comment

To bronsemedaljar til Kjell i NM!

Hardanger BTK stilte med heile sju deltakarar i helgas veteran-NM i Sandslihallen i Bergen, og ein av dei hevda seg svært godt! Vår spelande trenar Kjell Stordal vart nummer tre både i herrar 50 singel og herrar 50 dobbel og sørga med det for at Hardanger BTK fekk to NM-medaljar i vår jubileumssesong!

 

Arve (frå venstre), Endre, Kjell, Vegar, Håvard, Frode og Terje representerte Hardanger BTK i veteran-NM.

 

Continue reading

Posted in Ymse | Leave a comment

Jack og Simon imponerte i lagcup!

Jack og Simon Feng imponerte under sesongens siste runde i lagcupen, som vart avvikla på Stord laurdag. Jack og Simon, som i sist runde av lagcupen vann gutar 13, stilte denne gongen i gutar 15 for å få betre kamptrening.

Simon og Jack Feng imponerte under helgas lagcup på Stord

Continue reading

Posted in Ymse | Leave a comment

Hardanger Sommarleir 2012

Hardanger BTK, Bergen HIL og Stord BTK inviterer til ein ny sommarleir i Norheimsund 6.-10. august. Invitasjonen finn du her:

 

Fjorårets leirdeltakarar

 

Continue reading

Posted in Ymse | Leave a comment

Håvard, Aleksander og Tora klubbmeistrar!

Håvard Markhus, Aleksander Norheim og Tora Tuften Aksnes-Øystese gjekk til topps i klubbmeisterskapet i Hardanger BTK denne veka.

 

Continue reading

Posted in Ymse | Leave a comment

Klubbmeisterskap

Denne veka arrangerer me klubbmeisterskap i Hardanger BTK. Onsdag kl. 16.30 vert det gutar 15. Torsdag kl. 18.00 vert det gutar/jenter 11 og herrar open. Dersom me får tid vil me òg avvikla herrar dobbel torsdag.

Det kostar ingenting å delta og ein melder seg på ved oppmøte. Vel møtt!

Ein del av deltakarane i klubbmeisterskapet

 

Posted in Ymse | Leave a comment

Sterke resultat i NM for yngre!

Hardanger BTK sine deltakarar imponerte med sterke resultat og godt spel i NM for yngre, som vart avvikla på Stord i helga!

Jack, Aleksander og Simon hevda seg godt i NM for yngre. Kjell deltok ikkje..

 

Continue reading

Posted in Ymse | Leave a comment