Skribentarkiv: jack

Bronse til Thomas og Jan Roger i Nordeuropeisk!

Thomas Låte og Jan Roger Andersson fekk bronse i Nordeuropeisk meisterskap for juniorar, som vart arrangert i Haapsalu i Estland 26.-28. juni. Bronsen sikra dei seg i herrar junior lag, der dei saman med Henrik Bagner Nilsen frå B-72 utgjorde … Les meir

Lagt inn i Ymse | Legg att eit innspel

Velkommen til Hardanger Sommarweekend 2018

Førstkomande helg er det klart for Hardanger Sommarweekend  i Norheimsund. Til weekenden er det så langt påmeldt 20 deltakarar, men det kan verta fleire. Til Hardanger Sommarcup på sundagen er det påmeldt 34 deltakarar frå fem klubbar. Noregsmeister Roger Andersson er på plass … Les meir

Lagt inn i Ymse | Legg att eit innspel

Klubbilete

Det er no blitt lagt ut bilete frå klubbens 30-årige historie under «Biletealbum» i menyen over. Bileta vart vist under jubileumsfesten i lokalet til Sparebanken Vest i fjor haust.

Lagt inn i Ymse | Legg att eit innspel

Resultatliste Norheimsund Open 2018

Her kjem resultatliste for Norheimsund Open 2018, som vart arrangert i Norheimsund idrettshall laurdag. Kun spelarar som kom vidare til sluttspelet er med på listene. Resultatliste Norheimsund Open 2018 Me takkar alle for ein fin dag i Norheimsund, og ynskjer … Les meir

Lagt inn i Ymse | Legg att eit innspel

Deltakaroversikt Norheimsund Open 2018

51 deltakarar er påmelde til årets utgåve av den tradisjonsrike turneringa Norheimsund Open, som vert arrangert i Norheimsund idrettshall laurdag 03. februar. Spelarar frå  Skjoldar IL,  Stord BTK, Hardanger BTK, Fjell-kameraterne IL, Sportsklubben Heros, Bergen HIL og Laksevåg BTK deltek.  Vår … Les meir

Lagt inn i Ymse | Legg att eit innspel

Trening 31.10 utgår grunna arrangement

Tysdag 31.10 vert det ikkje trening. Den dagen er klubbens medlemmer invitert på kombinert «takk for hjelpa»-arrangement etter NM og jubileumsfest hjå Sparebanken Vest kl. 18:00. 29 medlemmer har meldt seg på. Er du ikkje blant desse og vil vera … Les meir

Lagt inn i Ymse | Legg att eit innspel

Innviing av utebord

Ved stranda i Norheimsund Sentrum har det no kome eit utebordtennisbord. Onsdag vert det innviing av utebordet i samband med arrangementet «Mat og moro under open himmel», som er ein del av KvammaVEKO. Hardanger BTK vil vera til stades ved bordet og … Les meir

Lagt inn i Ymse | Legg att eit innspel

Regionsmeisterskap

Laurdag 26. august arrangerer Stord BTK Regionsmeisterskap i bordtennishallen på Stord.  Det er mogleg å delta i tre singelklassar + dobbel, og det kostar mellom 80 og 110 kroner å delta i dei ulike klassane. Det er klassar for alle aldersgrupper. Me gjer … Les meir

Lagt inn i Ymse | Legg att eit innspel

Trening torsdag

Det vert trening for alle som vil torsdag 17. august kl. 18-20. Info om trening neste veke vert lagt ut i løpet av denne veka.

Lagt inn i Ymse | Legg att eit innspel

Deltakarliste Norheimsund Open 2017

Torsdag er det klart for årets utgåve av Norheimsund Open. 20 deltakarar frå 5 klubbar er påmeldte, noko me er godt nøgde med i og med at turneringa går på ein vekedag. Dersom fleire ynskjer å melde seg på, er … Les meir

Lagt inn i Ymse | Legg att eit innspel