Vellukka idrettsdag for funksjonshemma!

Roger og Johan Andersson viser ferdigheiter ved minibordet.

Roger og Johan Andersson viser ferdigheiter ved minibordet.

Laurdag arrangerte Norges idrettsforbund og Norges Fotballforbund Hordaland idrettsdag for funksjonshemma i Øystese. Hardanger BTK var ein av fleire lokale medarrangørar. Me stilte med vanlege bord, minibord, informasjon, bilete og mange instruktørar. Jack Feng, Håvard Markhus, An Riemslag, Bente  Maubach og fire stk Andersson (Roger, Jan Roger, Niklas og Johan) var til stades frå klubben. Dei to sistnemnde hadde teke turen heilt frå Sverige, men kanskje ikkje berre for å få med seg dette arrangementet…

Dagen var vellukka! Mange ville prøva bordtennis, og me håpar det gav meirsmak sånn at dei kjem på trening!

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.