Arrangement Hardanger BTK og Sparebanken Vest!

Sparebanken Vest og Hardanger BTK inviterer alle medlemer i klubben – uansett alder – til eit arrangement i banken sine lokale (i 2.etg, inngang 1.etasje) tysdag 31. oktober kl. 18.00 -19.00. Dette vert både eit jubileumsarrangement for klubben, som runda 30 år i år, og eit Takk for hjelpa-arrangement for alle som stilte opp for klubben då me arrangerte senior-NM. Alle er velkomne – også dei som ikkje var med under NM! Det vert program og servering. Påmelding til Bente Maubach (bente.maubach@dukamail.no, 95004190) innan 24. oktober. Me håpar mange vert med!

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.