Vellukka arrangement hjå Sparebanken Vest!!

Lars Endre Tholo ynskte velkomen

Lars Endre Tholo ynskte velkomen

Tysdag møtte 30 medlemer opp då Sparebanken Vest og Hardanger BTK inviterte alle medlemer i klubben  til arrangement i banken sine lokale.  Dette var både eit jubileumsarrangement for klubben, som runda 30 år i år, og eit Takk for hjelpa-arrangement for alle som stilte opp for klubben då me arrangerte senior-NM.

 

 

 

Lars Endre Tholo frå banken ynskte velkomen. Han fortalde òg om Sparebanken Vest sitt samfunnsansvar og om kor viktig frivillig innsats er i lokalmiljøa.  Jack Feng og Håvard Markhus fortalde og viste bilete og avisutklypp både frå NM og klubbens 30 år lange historie. Alle fekk pizza og brus. Kvelden vart avslutta med ein Kahoot om Hardanger BTK, der Lars Endre frå banken, HBTK-nestleiar Simon Feng og regionsleiar Anders Hovden viste seg som dei tre som enten kunne mest eller var flinkast til å tippa…

Me takkar alle som stilte opp og gjorde dette til eit veldig kjekt arrangement. Ei særleg takk til Sparebanken Vest med Lars Endre Tholo i spissen som bidrog til arrangementet, stilte med lokale og sponsa mat og drikke!

Me har tidlegare også markert 30-årsjubilèet med ei samling på kinarestauranten i Norheimsund på sjølve jubileumsdagen 2. februar og gjennom å arrangera NM. No har me truleg feira nok for ei stund, og kan byrja å sjå fram mot 40-årsjubilèet!

Ein del av deltakarane i Kahooten,

Ein del av deltakarane i Kahooten,

 

 

 

 

 

 

 

Klubbleiar Jack under Kahooten.

Klubbleiar Jack under Kahooten.

 

 

 

 

 

 

 

Jubileumsfeiring hjå SPV - 4

 

 

 

 

 

Jubileumsfeiring hjå SPV - 5

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.