Roger og Simon kretsmeistrar!

Roger Andersson vart kretsmeister i to klassar laurdag!

Roger Andersson vart kretsmeister i to klassar laurdag!

Roger Andersson og Simon Feng vart kretsmeistrar då årets kretsmeisterskap for Hordaland vart arrangert i Fyllingsdalen idrettshall i Bergen laurdag! Dei gjekk til topps i herrar dobbel etter å ha slått Gard og Brian Egenberg frå Heros 3-0 i finalen. I semien møtte dei tøffare motstand, men vann til slutt 3-2 mot Anders Hovden/Petter Vedeler frå Laksevåg.

Roger gjekk som vanleg også til topps i herrar open. Der vart klubbkamerat Thomas Låte nummer to, medan Jan Roger Andersson vart nummer fem. Simon var svært nære å gå vidare frå puljespelet, då han tapte 11-9 i femte og avgjerande sett mot langt høgare rangerte Morten Bendiksen frå Bergen HIL.

 

Piotr Kostrzewski fekk ein sterk andreplass i herrar f. I finalen tapte han 3-2 mot Vincent Ngyen frå Fjell – ein spelar han tidlegare på dagen slo i puljespelet. Ivo Beijersbergen sikra seg ein flott bronse i den same klassen etter å ha tapt svært knepent mot Ngyen i semien. Dottera Malin Beijersbergen vart nummer tre i jenter 13.

Hardanger BTK er svært godt nøgde med resultat og innsats i helga. Neste turnering er Stiga Norges Cup i Bergen 18.-19. november.

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.