Godt nytt år!

Hardanger BTK ynskjer alle bordtennisvener eit godt nytt år!! Treningane startar opp att til vanlege tider etter nyttår. Første trening vert tysdag 2. januar.

Klubben vår vart starta 2. februar 1987 og runda i år 30 år. Me har gjennomført eit svært vellukka jubileumsår! Høgdepunktet var då me arrangerte Senior-NM i mars. Sportsleg har det vore mange høgdepunkt. Roger Andersson sikra seg to NM-titlar. Thomas Låte vart noregsmeister for første gong då han gjekk til topps i gutar dobbel. I herrar junior lag sikra han NM-bronse til klubben saman med Jan Roger Andersson og Simon Feng. Både Thomas og Jan Roger representerte Noreg i Nordeuropeisk meisterskap for junior. Jan Roger spela også med flagget på brystet i Deaflympics. Førstelaget rykka opp frå 3. divisjon i vår. Ved inngangen til eit nytt år leiar førstelaget vår avdeling i 2. divisjon suverent og andrelaget leiar si avdeling i 5. divisjon.

Jack Feng er leiar for ein klubb med mange dyktige leiarar og trenarar. Me har ein solid utstyrspark og økonomien er sunn og god. Sist, men ikkje minst: Me har mange engasjerte og ivrige medlemer i ulike aldersgrupper, frå ulike nasjonar og av begge kjønn!

Hardanger BTK ser lyst på framtida ved inngangen til eit nytt år, og me ser fram til eit nytt spennande bordtennisår i 2018!

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.