Beste NM nokon sinne for Hardanger BTK!

Frå venstre: Jan Roger, Jannik, Thomas og lagleiar Roger

Helgas NM for junior i Haukelandshallen i Bergen vart det resultatmessig beste NM for Hardanger BTK nokon sinne! Klubben sitt lag sikra seg bronse i herrar junior lag, det vart sølv til Thomas Låte og bronse til Jan Roger Andersson i herrar junior singel og sølv til dobbelparet Thomas/Jan Roger!

I herrar junior lag stilte HBTK med Thomas Låte, Jan Roger Andersson og Jannik Huttenlocher. Laget vann 3-1 både mot Fokus 3 i åttandedelsfinalen og mot Oppegård i kvarten. I semien vart det 3-1-tap mot Fornebu. Fleire av kampane i semien var svært jamne, så finaleplass var innan rekkevidde. Likevel er me svært godt nøgde med bronsemedaljar!

I herrar junior dobbel spela Thomas/Jan Roger seg greitt fram til semien. Der vart det 3-1-siger mot Egenberg/Egenberg frå Heros. I finalen vart Haug/Fransson frå Fokus BTK for gode.  Finaleplass og sølv var likevel ein svært god presentasjon!

I herrar junior singel spela Thomas seg heilt fram til finalen. Det tøffaste hinderet på vegen vart Fredrik Buringrud-Langen frå B-72 i semien. Der vann Thomas 3-2. I finalen vart Borgar Haug for sterk, men Thomas kunne uansett gle seg over ein sterk andreplass! Jan Roger overraska mange med å spela seg heilt fram til semien. I ein svært spennande kvartfinale slo han Finn Vetvik frå Fornebu med 3-2 og 16-14 i avgjerande sett, etter å ha hatt fleire matchballar i mot! I semien tapte han 3-1 mot Haug. Bronse var likevel ein imponerande prestasjon av Jan Roger!

I mix dobbel spela Thomas saman med Akshaya Vimalaseman frå B-72. Dei vart nummer fem, etter å ha tapt 3-1 mot Haug/Lange frå Fokus i kvarten. Jan Roger spela saman med Tone Todok frå B-72. Dei tapte svært knepent 3-2 i første runde mot eit par som kom til semien i klassen.

Hardanger BTK gratulerer Thomas, Jan Roger, Jannik og lagleiar Roger Andersson med eit svært godt gjennomført NM for junior!

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.