Jan Roger imponerte i Austerrike!

Jan Roger – her i aksjon under Deaflympics i fjor. Foto: Caroline Dokken Wendelborg/NIF

Jan Roger Andersson har imponert når han dei siste dagane har representert Noreg i Austerrike Open for døve i Baden i Austerrike! I singelklassen vart det ein sterk femteplass blant om lag tretti deltakarar! I puljespelet slo han ein spelar frå Japan og ein frå Ukraina. Sistnemnde var femteseeda i klassen. I sluttspelet vart det først siger mot ein svenske, før det vart tap i kvarten mot spelaren som seinare vann klassen. Jan Roger sin overmann fekk elles bronse i begge dei to siste Deaflympics, så her var det med spelarar på veldig høgt nivå!

I dobbel vart det femteplass på Jan Roger, som spela saman med ein russar. Dei tapte mot klassevinnarane i kvarten. I lagklassen spela Jan Roger på lag med to spelarar frå Ukraina. Laget tapte begge lagkampane – mot Austerrike og Chinese Tapei – men Jan Roger vann to av sine kampar.

Jan Roger er rangert som nummer ein i Europa i juniorklassen, men frå og med august går han over i  seniorklassen. I turneringa i Austerrike slo han mellom anna spelaren som er nummer to i Europa blant juniorane samt spelarane som var seeda som nummer fem og seks i turneringa.  Alle klassane i turneringa var for seniorar, og spelarar i verdstoppen deltok. No er Jan Roger og far, klubbtrenar og landslagstrenar Roger Andersson igjen i Austerrike for å trena med det austerriske landslaget i nokre dagar.

Me gratulerer Jan Roger med imponerande innsats og resultat i Austerrike!

 

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.