Jan Roger og Jack til topps i Hardanger Sommarcup!

Jan Roger i aksjon i finalen

Hardanger BTK stilte med heile nitten deltakarar i Hardanger Sommarcup sundag! Så mange deltakarar kan me ikkje hugsa å ha hatt med i ein sommarcup tidlegare!  Av desse gjekk to heilt til topps; Jan Roger Andersson og Jack Feng.

I herrar open vart det førsteplass på Jan Roger Andersson, etter å ha slått faren Roger Andersson i finalen!

I herrar dobbel gjekk Jack Feng til topps saman med makker Dag Hinrichsen frå Skjoldar IL. Håvard Markhus/Jan Roger Andersson vart nummer to og Roger Andersson/Jannik Huttenlocher nummer tre i klassen.

I herrar e vart det ein flott andreplass på Piotr Kostrzewski! Han tapte mot Lars John Hartveit i finalen, men han slo same spelar i puljespelet i klassen. Ivo Beijersbergen vart nummer fem, etter at også han måtte gje tapt mot Hartveit. Piotr og Ivo sikra seg også tredjeplassen i herrar e dobbel.

 

Ivo i aksjon

 

 

 

 

 

 

 

I nybyrjar dobbel vart Sarah Rosseland nummer tre saman med Mikkel Kval Walhovd frå Laksevåg BTK.

Klubben gratulerer våre medlemer med flott innsats og gode resultat i sesongens siste turnering! Me er veldig godt nøgde med resultata, og ser fram neste sesong!

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.