Bronse til Thomas og Jan Roger i Nordeuropeisk!

Thomas og Jan Roger hevda seg godt i Nordeuropeisk!

Thomas Låte og Jan Roger Andersson fekk bronse i Nordeuropeisk meisterskap for juniorar, som vart arrangert i Haapsalu i Estland 26.-28. juni. Bronsen sikra dei seg i herrar junior lag, der dei saman med Henrik Bagner Nilsen frå B-72 utgjorde Noreg sitt andrelag.

Det kunne ha gått endå betre med laget. I den avgjerande kampen i puljespelet, tapte Noreg 2 3-2 mot Finland, som seinare vann klassen. På stillinga 2-1 til Noreg i lagkampen leia Thomas 2-0 mot Finlands og turneringas beste spelar, men Finland snudde kampen og vann marginalt. I den avgjerande kampen i lagkampen tapte Jan Roger 3-2 og 11-9 i det avgjerande settet. I semifinalen møtte dei Noreg sitt fyrstelag, men her vart det diverre stopp og 3-0 tap.

I singelklassen hevda begge HBTK-spelarane seg godt, og vann fleire kampar. Thomas var nære medalje og vart nummer fem, medan Jan Roger vart nummer ni.

Me gratulerar Jan Roger og Thomas med flott innsats og gode plasseringar for landslaget!

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.