Vestprod AS sponsar Hardanger BTK!

Vestprod AS vert sponsor for Hardanger BTK dei neste tre sesongane! Dette vil verta synleg på våre nye spelar- og overtrekksdrakter, på arrangement og i andre samanhengar.

Vestprod AS held til i Kvam. Det er eit firma som først og fremst driv med lyd- og lysproduksjon, men som også tilbyr studioinnspelingar, utleige av backline, og sal og installasjon av lyd-, lys og AV-utstyr. Firmaet vert drive av Håvard Markhus og Vidar Sangolt, to av dei fire som starta klubben vår.

Vestprod AS sponsa også Senior-NM 2017 med lyd og lysproduksjon, men då heitte firmaet Gloria AS.

Me takkar Vestprod AS for at dei vel å støtta oss!

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.