Fleire utebord i Kvam!

Frå innviinga av utebordet i parken i Norheimsund i fjor.

Laurdag var det parkdag i Øystese. Dagen var ein del av Kvammaveko, som er eit årleg arrangement i regi av frivilligheitssentralen Grannehjelpa og med fokus på psykisk helse. Som ein del av parkdagen var det innviing av det nye utebordtennisbordet i parken ved stranda i Øystese. Sidan Hardanger BTK i dag har hatt medlemer med på både seriekampar og turnering, kunne me ikkje vera til stades på arrangementet. Me gler oss uansett over at bordet er på plass!

Kvam ungdomsskule i Øystese har også fått utebord i haust. Frå før er det også bord ved Øystese gymnas og Øystese barneskule. I Norheimsund var Hardanger BTK i fjor med på innviing av utebord i parken ved stranda. I tillegg finst det bord ved Norheimsund skule og Norheimsund friskule. Totalt er det no dermed sju utebord i Øystese og Norheimsund! Me håpar mange brukar dei ulike borda, og vert glade dersom dei som gjer det også vil koma på trening i klubben vår!

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.