Til topps i 1. divisjon!

Frå venstre: Jan Roger, Roger, Thomas og Jack gjekk rett til topps i 1. divisjon!

Hardanger BTK sitt førstelag gjekk rett til topps på tabellen etter helgas serieopning i 1. divisjon på Fornebu. Laget vann fire strake seriekampar under samlerunden. Hardanger BTK stilte med Roger Andersson, Jan Roger Andersson, Thomas Låte og Jack Feng.

Laurdag vann laget  først 9-1 mot Fokus BTK. Jack tapte knepent 3-2 og 13-11 i avgjerande sett i sin siste kamp. Elles vann HBTK-spelarane alle kampane, men fleire av dei var jamne.

I neste kamp vart det 7-3-siger mot Kjelsås. Jack tapte sine singlar og Jan Roger ein singel. Resten av kampane vann me greitt.

 

Sundag vart det først 9-1-siger mot Harestua. Jan Roger tapte ein kamp, medan Thomas vann 3-2 i begge sine singelkampar.

Helga vart avslutta med ein imponerande 10-0-siger mot B-72. Lørenskogklubben vann berre tre (!) sett til saman i løpet av lagkampen.

Hardanger BTK slo med andre ord både B-72 og Fokus BTK – dei to største og beste klubbane i Noreg dei siste åra.

Hardanger BTK toppar tabellen saman med Fornebu 2. Begge laga har åtte poeng av åtte moglege og 35-5 i kampkvote. Laget vårt har rykka opp dei to siste sesongane, og fortset gjengen som i helga vert det nytt opprykk og plass i eliteserien!

Hardanger BTK er svært godt nøgde med innsats og resultat i helga! Neste samlerunde i 1. divisjon vert arrangert i Bodø 24.-25. november.

Terminliste med resultat og tabell finn du her.

Bordtennis.no sin førehandsomtale av serien med tips og presentasjon av laga finn du her.

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.