Flotte plasseringar i Norges Cup!

Roger vart nummer tre i herrar elite!

Hardanger BTK stilte med tre deltakarar under helgas Norges Cup-stemne i Oslo, og alle sikra seg flotte plasseringar! Roger Andersson vart nummer tre i herrar elite.  Han tapte 4-3 og 11-8 i avgjerande sett i ein jamn semifinale mot Eskil Lindholm frå Fornebu BTK.  Jan Roger Andersson og Jack Feng gjekk vidare frå puljespelet i klassen, og vart begge nummer sytten. Jack imponerte med å vinna 3-2 mot langt høgare rangerte Robin Petterson frå Fornebu BTK i puljespelet.

Jan Roger  vart nummer ni i herrar eldre junior. Jack gjekk også vidare frå puljespelet etter å ha vunne to av kampane 3-2. Han vart nummer sytten i klassen.

Jack  vart nummer fem i herrar B. I kvarten tapte han 3-2 og 11-9 i avgjerande sett mot Ludvik Olsen frå Oppegård IL.

Hardanger BTK er veldig godt nøgde med resultat og innsats! Neste turnering er Norges Cup-stemne i Bergen 17.-18. november.

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.