Thomas til topps i Norges Cup-stemne!

Thomas Låte gjekk til topps i herrar junior! Foto: Svein Andersland

Hardanger BTK stilte med fem deltakarar under helgas Norges Cup-stemne i Haukelandshallen i Bergen. Alle sikra seg flotte plasseringar! Best gjekk det med Thomas Låte. Han gjekk heilt til topps i herrar junior, etter å ha slått Fredrik Buringrud-Langen 3-1 i finalen.

I herrar elite vart det ein flott tredjeplass til Roger Andersson! Thomas vart nummer fem. Jan Roger Andersson og Jack Feng vart nummer sytten. Sistnemnde gjekk vidare frå puljespelet etter å ha slått langt høgare rangerte Georg Selsvold frå arrangørklubben Laksevåg BTK.

I herrar eldre junior vart Thomas nummer tre og Jan Roger nummer ni. Håvard Markhus vart nummer fem i herrar D.

Hardanger BTK er veldig godt nøgde med resultat og innsats! Neste turnering er Stord Cup 1.-2. desember.

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.