Siger i serieopninga i 4. divisjon!

Frå venstre: Jan Roger Andersson (lagleiar), Håvard Markhus, Ivo Beijersbergen og Endre Furu sikra Hardanger 2 to poeng i serieopninga!

Hardanger BTK sitt andrelag spela torsdag sesongens første kamp i 4. divisjon. Laksevåg 5 med Kim-Erling Bolstad-Larssen i spissen var motstandar i Norheimsund idrettshall. Dette er eit lag me har spela svært jamne kampar mot dei siste sesongane, men denne gongen vart det ein klar 8-2-siger til HBTK 2!

HBTK stilte med Håvard Markhus, Ivo Beijersbergen og Endre Furu. Sigrane kom ved Håvard (3), Ivo (2), Endre (2) og Ivo/Endre i dobbel.

HBTK 2  gjekk dermed rett til topps på tabellen i 4. divisjon!!  Neste kamp er mot Fjell 2 på heimebane 13. desember.

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.