Fem poeng i Bodø!

Frå venstre: Jan Roger, Roger, Thomas og Jack sikra førstelaget fem nye poeng i 1. divisjon!

Hardanger BTK sitt førstelag sikra seg fem av seks moglege poeng når laget i helga spela samlerunde i 1. divisjon i Bodø. Klubben har hatt lag i 1. divisjon også fleire sesongar for ein del år tilbake, men har aldri måtta ta turen så langt nordover i seriesamanheng. Dei som reiste til Bodø var Roger Andersson, Jan Roger Andersson, Thomas Låte og Jack Feng.

Laurdag vann laget  først 9-1 mot arrangørane i Bodø BTK. Jack tapte knepent 3-2 og 11-8 i avgjerande sett i sin første kamp. Resten av kampane vann HBTK-spelarane greitt.

I neste kamp vart det 10-0-siger mot Harestua BTK!

 

Sundag vart det 5-5 i toppoppgjeret mot Fornebu 2. Sigrane kom ved Roger (2), Jan Roger samt i begge dobbelkampane.

Hardanger BTK toppar tabellen med 13 poeng av 14 moglege og 59-11 i kampkvote. Fornebu 2 har like mange poeng og 58-12 i kampkvote. Det er med andre ord svært jamt mellom desse to laga, medan Fokus BTK på tredjeplass berre har seks poeng.

Førsteplassen på tabellen gjev direkte opprykk, medan andreplassen må spela kvalifisering mot lag nummer sju i eliteserien. Neste og siste samlerunde for vår del vert spela på Harestua 23.-24. februar. I aller siste kamp møtest topplaga Hardanger BTK og Fornebu 2! Laget vårt har rykka opp dei to siste sesongane, og håpet om nytt opprykk og plass i eliteserien lever!

Terminliste med resultat og tabell finn du her.

 

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.