Tredjeplassar til far og son Andersson i NC-stemne!

Roger og Jan Roger sikra seg kvar sin tredjeplass under NC-stemnet i helga!

Roger og Jan Roger Andersson sikra seg begge tredjeplass under Norges Cup-stemnet på Lørenskog i helga. I herrar elite var Roger nummer tre, etter å ha tapt 4-2 mot klassevinnar Fredrik Meringdal frå Laksevåg BTK i semifinalen. Jan Roger vann si pulje og slo deretter Halvor Solheim frå Fokus BTK 3-2 (11-9 i avgjerande) før det vart eit knepent tap i åttandedelsfinalen. Han vart dermed nummer ni.

I herrar eldre junior vart Jan Roger nummer tre, etter å ha vunne ein svært jamn kvartfinale mot Jonas Flåøien frå arrangørklubben B-72 3-2 (12-10 i dei to siste setta!).

Hardanger BTK gratulerer Roger og Jan Roger med tredjeplassane!

Neste turnering er KM i Bergen førstkomande laurdag.

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.