HBTK dominerte i Norheimsund Open!

Deltakarane i Golden Girls

Hardanger BTK stilte med femten deltakarar i årets utgåve av den tradisjonsrike turneringa Norheimsund Open, som me arrangerte i Norheimsund idrettshall på 32-årsdagen til klubben laurdag. Me hevda oss også veldig godt i turneringa. Til saman sikra ni ulike medlemer klubben heile fjorten pallplasseringar! Då reknar me til dømes gull i dobbel for to pallplasseringar. Det vart fem førsteplassar, fire andreplassar og fem tredjeplassar! Dermed tangerte me klubbrekorden frå i fjor i antal pallplasseringar i ei turnering!

Hardanger BTK var både klubben med flest deltakarar, me vann flest klassar og me hadde også flest pallplasseringar! Dette skjedde trass i at me også var arrangørar, noko som gjorde at me måtte fokusera meir på arrangementet enn på spelinga.

Tre av klassevinnarane til HBTK: Jack, Ivo og Roger

 

 

 

 

 

 

 

 

I den gjevaste klassen, herrar open, tapetserte Hardanger BTK pallen. Roger Andersson slo Thomas Låte i finalen, medan Jan Roger Andersson og Jack Feng vart nummer tre.

Golden Girls & Boys vart etter forfall til Golden Girls. Her deltok seks damer – alle frå arrangørklubben. Jeannette Huttenlocher gjekk til topps i klassen. Liselotte Takken vart nummer to og Iselinn Stuve nummer tre. I klassen deltok også Ingrid Cook Myhre, som fekk sin første pokal i ei bordtennisturnering, samt Bente Maubach og Sandy Huang.

Også i herrar dobbel dominerte arrangørklubben. Her vart det førsteplass til Jack/Roger etter finalesiger mot Thomas/Jan Roger. Håvard Markhus/Ivo Beijersbergen vart nummer tre.

For Ivo gjekk det enno betre i herrar f. Han sikra seg sin første klassesiger då han gjekk til topps etter å ha slått Totlands store son, Jan Erik Støldal frå Bergen HIL i finalen.

Coatching i verdsklasse: Etter ein timeout frå Thomas Låte snudde Ivo ein puljekamp mot Sverre Valderhaug og vann!

 

 

 

 

 

 

 

 

I nybyrjarklassen var det flott innsats av Silje Zi Fei Zhang, Sial Rafat Mohamad og Ronja Beijersbergen. Den siste tida før Norheimsund Open har det – etter skulebesøk med Tommy Urhaug og Roger – kome mange nye nybyrjarar på trening. Denne turneringa kom litt for raskt for dei, men seinare håpar me å få fleire av desse med på turneringar også.

49 spelarar frå sju klubbar deltok i stemnet. Dette er færre deltakarar enn det vanlegvis er, noko som nok skuldast både svakare rekruttering i fleire klubbar og mange turneringar å delta i. Det vart konkurrert i ti klassar, og det vart spela på seksten bord. I sekreteriatet hadde Jack Feng full kontroll bak datamaskina og som stemneleiar. Premiebordet bestod av pokalar, medaljar, Hardangerbestikk, gåvepremiar og nokre gåvekort.

 

Klubben og stemnet sine sponsorar var godt synlege blant anna ute ved kiosken.

 

 

 

 

 

 

 

Hardanger BTK er stolte over innsats og resultat til våre femten deltakarar i stemnet! Det er også veldig kjekt at fleirtalet av desse er damer eller jenter – i det som elles er ein mannsdominert idrett – og at me har med spelarar frå mange ulike nasjonar.  Me er også veldig godt nøgde med gjennomføringa av turneringa! Hardanger BTK takkar alle klubbmedlemer for god hjelp før og under stemnet! Me ynskjer alle deltakarar velkomne tilbake til Norheimsund Open 2020!

Neste turnering er NM for eldre junior, som vert arrangert i Oslo neste helg.

Sjå elles resultatlista for Norheimsund Open, som ligg i ei eiga sak.

Frå hallen under stemnet

 

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.