A-lagsjubilantar vart premierte!

Thomas og Jan Roger fekk pokalar for å ha oppnådd 25 A-lagskampar for HBTK!

Under Norheimsund Open fekk Thomas Låte og Jan Roger Andersson pokalar for å ha oppnådd 25 A-lagskampar for Hardanger BTK.

Ein komplett oversikt over alle som har spela A-lagskampar for Hardanger BTK finn du i menyen øverst på sida. Den er oppdatert etter sist sesong, og vil verta oppdatert på nytt når sesongen er over.

Thomas fekk også utdelt ein pakke twist frå klubben. Det får alle HBTK-medlemer som tek NM-medaljar, og Jan Roger og fleire andre har fått utdelt twist for sist sesong tidlegare. Me rakk akkurat å gje Thomas twist for NM-medaljar sist sesong før han startar kampen om nye NM-medaljar (og meir twist!) under NM for eldre junior neste helg.

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.