Bronsemedaljar til Hardanger BTK i NM!

Frå venstre: Jan Roger, Jack, lagleiar Roger, Thomas og Simon sikra seg NM-bronse i herrar eldre junior lag!!

Det vart medaljar til Hardanger BTK i to klassar under NM for eldre junior i Oslo i helga!! Klubben sitt lag tok bronse i herrar eldre junior lag, og same plassering vart det på Thomas Låte og Jan Roger Andersson i herrar eldre junior dobbel! Våre fire deltakarar gjennomførte eit svært godt meisterskap!

I herrar eldre junior lag var Hardanger BTK semiseeda, og laget innfridde forventningane! Laget vann 3-0 mot Oppegård i første runde. Thomas Låte, Jan Roger Andersson og Simon Feng spela lagkampen, og alle vann kvar sin kamp. Simon heldt hovudet kaldt og vann 12-10 i femte og avgjerande sett, medan dei to andre vann greitt. I kvarten vart det ein ny 3-0-siger, denne gongen mot Fokus 2. Her spela Jack Feng i tillegg til Thomas og Jan Roger, og alle vann sine kampar 3-0.

I semien vart det eit svært knepent 3-2-tap mot finaleseeda Oslo BTK. HBTK leia 2-0 i lagkampen etter sterke sigrar frå Thomas og Jan Roger, men deretter vart det tre tap for Jack, Thomas og Jan Roger. I den femte og avgjerande kampen tapte Jan Roger 11-9 i femte og avgjerande sett. Nærare er det ikkje mogleg å koma finaleplass utan å faktisk gå til finalen. HBTK kan uansett vera veldig godt nøgde med at me – som i fjor – fekk bronsemedaljar i klassen! Me i klubben er stolte over at me er blant dei fire beste klubbane i landet i herrar eldre junior lag, og at me er det sjølv om alle på laget har tre eller fleire sesongar att i klassen!

Thomas og Jan Roger fekk bronse også i herrar eldre junior dobbel!

I herrar eldre junior dobbel fekk Thomas og Jan Roger revansje frå fjorårets NM for eldre junior, der dei rauk ut i første runde. I år var dei semiseeda, spela seg greitt fram til semifinalen og sikra seg dermed NM-bronse også i denne klassen! Jack spela med Andreas Nguyen frå Fjell. Dei vann i første runde, men rauk ut i runden etter og vart med det nummer ni.

I herrar eldre junior singel vart det ein flott femteplass på Thomas – og det dagen før han fyller 18 år! I kvarten rauk han med 3-1 mot Finn Vetvik frå Fornebu. Jan Roger vann si pulje og vart nummer sytten i klassen. Simon gjekk vidare frå puljespelet som nummer to, etter å ha imponert med å vinna 3-0 mot guttelandslagsspelar Marius Pedersen frå Modum. Simon fekk med det ein fin 17. plass i klassen. Jack kom i ei svært tøff pulje, og rauk ut med ein siger og to tap. Han tok sett i begge kampane han tapte, og avansement var innan rekkevidde sjølv i ei hard pulje.

I eldre junior mix dobbel spela Thomas saman med Akshaya Vimalasenan frå B-72. Dei vann klart i første kamp, men rauk ut i neste og vart med det nummer ni. Jan Roger og makker Marie Olavesen frå B-72 rauk ut i innleiiande runde.

Me i Hardanger BTK er svært godt nøgde med innsats og resultat i helga! Me hevdar oss svært godt og får medalje i to klassar. Med totalt seks medaljar (fire i lag og to i dobbel) gjer me vårt beste NM for eldre junior nokon gong! Jack og Simon får begge sin andre NM-medalje, medan  Thomas og Jan Roger sikrar seg nye NM-medaljar til samlingane sine!  Me gratulerer spelarane, lagleiar Roger Andersson og supersupportar Tony Låte med eit vel gjennomført NM!

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.