Spellemenn!!

I dag var planen til Hardanger BTK at Vegard Markhus skulle spela 4. divisjonskampar for oss i Bergen. I staden for reiste han til Oslo og vann Spellemannspris for årets barneplate saman med tidlegare HBTK-medlem Bjørnar Sangolt.

Vegard og Bjørnar er elles ikkje dei einaste bordtennisspelemennene som har vunne Spellemann for året barneplate. Det har også Hamkams Geirr Lystrup, som også har vore på bordtennistrening i Norheimsund, gjort fleire gonger.

Me gratulerer Vegard og Bjørnar i «Naboen min» med Spellemannspris for plata «Rockesock»!

Den rykande ferske musikkvideoen, der du sikkert finn HBTK-medlemer i mengda av born, ser du her.

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.