NM-tittel til Thomas!

Thomas Låte og Rikke Skåttet vart noregsmeistrar i mix junior dobbel!

Thomas Låte vart sundag noregsmeister i mix junior dobbel under NM for junior på Fornebu! Thomas spela saman med Rikke Skåttet frå B-72. Dei tapte berre eitt sett fram til finalen. Der vann dei 3-2 mot Martine Toftaker frå B-72 og Fredrik Buringrud-Langen frå Oslo BTK.

 

 

 

I herrar junior singel vart det sølv til Thomas! Han vann 3-2 i ein spennande semifinale mot Erik Eng frå Fokus, medan Borgar Haug frå same klubb vart for sterk i finalen.

Thomas Låte sikra seg tre NM-medaljar i helga!

Laurdag vart det også sølv på Thomas – då i herrar junior dobbel og det på Verdas bordtennisdag! Han spela saman med Sigurd Sørheim frå arrangørklubben Fornebu. Dei vann klart i alle kampar til og med semi, men tapte 3-1 mot Borgar Haug/Alexander Klerck Fransson frå Fokus i finalen.

Thomas var einaste deltakar frå Hardanger BTK, men klubbleiar Jack Feng var på plass som lagleiar.

Thomas gjennomførte dermed eit knallsterkt noregsmeisterskap! Han kom til finalen i alle dei tre klassane han spela og sikra seg ein NM-tittel og to sølvmedaljar!

Me gratulerer Thomas med imponerande innsats og resultat i årets NM for junior!

Neste turnering er Haugesund Open Jubileumsturnering førstkomande helg, der det kanskje stiller nokon frå klubben. Siste helga i april er det veteran-NM i Bergen. Der er me heilt sikkert på plass!

 

 

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.