EM-bronse til Jan Roger!!

Jan Roger sikra seg bronse i EM for døve!

Jan Roger Andersson sikra seg onsdag ein overraskande og knallsterk bronsemedalje i herrar singel under EM for døve i Varna i Bulgaria!!
         I fjor var Jan Roger rangert som nummer ein i Europa for juniorar. No er han førsteårssenior. Blant dei 42 deltakarane i herrar singel var Jan Roger rangert som nummer 26. Då var det nok ikkje så mange som hadde rekna med at han skulle vera med og kjempa om medaljane, men sånn gjekk det likevel!
          Jan Roger vann først alle dei tre kampane i puljespelet – ein av dei komfortabelt 3-1 mot ein russar som var tredjeseeda i klassen. Dermed var Jan Roger puljevinnar og overtok semiseedinga til russaren. Også ein av dei andre spelarane i pulja var rangert høgare enn HBTK-spelaren, så om alt hadde gått etter rankinga hadde det vore takk og farvel allereie i puljespelet. Men Janne ville det altså annleis!

Premiepallen i herrar singel under EM for døve.

I og med at Jan Roger overtok semiseedinga, fekk han w-o i første runde i sluttspelet. Deretter vann han klar 4-0 i åttandedelsfinalen og så 4-2 i ein hard kamp i kvarten. I semifinalen møtte han tyskaren Thomas Keinath, ein spelar som på sist beste var rangert som nummer 51 i verda i herrar singel blant funksjonsfriske, som har teke bronse i herrar dobbel i ordinært EM og som spelar i Bundesliga. Det skal vera forskjell på ein spelar som ventar på å få debutera i norsk eliteserie og ein som spelar i Bundesliga. Det var det også. Tyskaren vann 4-0, men Jan Roger kunne uansett jubla for tredjeplassen!

For fire år sidan sikra Janne seg som 15-åring bronse i 18-årsklassen i EM. I sitt første EM som seniorspelar imponerer Jan Roger og sikrar seg bronse! Dermed har me i Hardanger BTK ein spelar som kan vera med å ta opp arven etter Tommy Urhaug når det gjeld å skaffa Noreg internasjonale topplasseringar!

Jan Roger hadde med seg far og HBTK-trenar Roger Andersson som lagleiar. Me i Hardanger BTK gratulerer far og son med eit knallsterkt EM!

EM-vinnar Thomas Keinath og bronsemedaljør Jan Roger Andersson

 

 

 

 

 

 

 

 

Jan Roger i aksjon

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.