Roger til topps i Påskespelen!

Roger med det svært synlege beviset på at han vann herrar elite i Påskespelen. Sjølv om pokalen var av det solide slaget ville nok ikkje Jan Roger ha bytta vekk sin EM-bronsemedalje!

Roger Andersson vann i helga herrar elite i Påskespelen i Landskrona for tredje gong! Dermed vann han vandrepokalen i klassen til odel og eige. Jan Roger Andersson vart nummer fem i klassen.

Far og son Andersson reiste direkte til Sverige etter EM i Bulgaria. No er dei tilbake på trygg grunn i Hardanger!

Me gratulerer Roger med førsteplassen!

Neste turnering er NM for veteranar i Bergen førstkomande helg. Der stiller me med fire deltakarar. I tillegg skal ein gjeng frå klubben hjelpa til under arrangementet.

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.