Roger Andersson og Endre Furu vart begge noregsmeistrar under Veteran-NM i Haukelandshallen i Bergen i helga! Til saman sikra duoen Hardanger BTK tre NM-gull, og aldri før har klubben teke så mange gull i eit noregsmeisterskap!
Roger vart noregsmeister i herrar singel 40 og herrar dobbel 35. I singelklassen vann han 3-1 mot Christian Ibenfeldt frå Laksevåg BTK i finalen. Ibenfeldt er visepresident i Norges Bordtennisforbund og innstilt som ny president i forbundet til tinget om to veker.
I herrar dobbel 35 spela Roger saman med Raymond Bergaas frå Sportsklubben Heros. Også i denne finalen stod Ibenfeldt på motsett side av bordet. Saman med Bent Hovden, som er bror til HBTK-revisor Anders Hovden, måtte han sjå seg slått 3-0. Roger og Raymond sleit meir i semifinalen, der dei vann 3-2.
Endre Furu spela saman med Tommy Urhaug frå Stord BTK i herrar ståande dobbel 35. Når ein Ytre Ålvik-meister slår seg saman med ein verdsmeister må det bli bra! Duoen med ein sitjande og ein ståande vann NM-gullet etter 3-0-siger mot tidlegare HBTK-spelar Nils Arne Stuve og makker Stig Mortensen i finalen. Dermed sikra Endre seg sin første NM-tittel! Tommy har ein koffert eller to med NM-gull frå tidlegare.
Roger sikra seg også NM-sølv i mix dobbel 35. Saman med Camilla Henriksen frå Langhus IL vart det sølv etter tap mot Magnus Vikstrøm og Laura Krumina i finalen. Som om ikkje det var nok fekk Roger laurdag utmerkinga Årets mannlege veteran 2019. (Sjå eiga sak)
Endre fekk seg medalje også i herrar 35 funksjonshemma open. Han kom seg greitt vidare frå puljespelet, men tapte 3-1 mot Nils Arne Stuve i semien. Dermed vart det NM-bronse på Endre i denne klassen! I herrar singel 60 rauk Endre først ut i puljespelet, men gjekk så heilt til finalen i B-sluttspelet og vart nummer to der!
Håvard Markhus og Vegar Ljones deltok også i veteran-NM. Begge spela kun i herrar lag 35. Saman med Roger rauk dei ut i første runde. Kjelsås 2 slo Hardanger 3-2. Begge sigrane til HBTK kom ved Roger.
Vegar tok tradisjonen tru turen frå Slovenia for å delta i veteran-NM. Han skulle eigentleg delta også i singel og dobbel, men SAS ville det annleis. Flystreiken gjorde at Vegar måtte reisa tilbake eit døger tidlegare enn planlagt. Saman med Håvard måtte han nøya seg med heiderleg innsats i årets veteran-NM, medan dei to andre HBTK-medlemene altså kom heim med heider og ære og gull og grøne skogar.
Sportsklubben Heros var arrangør av årets veteran-NM, men dei fekk god hjelp av Hardanger BTK. Ein delegasjon frå klubben arbeidde dugnad under arrangementet, både som dommarar, til rigging og nedrigging og i sekreteriat og kiosk. I sekreteriatet var klubbleiar Jack Feng ei svært viktig brikke.
Hardanger BTK er svært godt nøgde med innsats og resultat i årets veteran-NM! Fem medaljar er ein mindre enn i fjorårets veteran-NM, men tre gull i eit NM har me altså aldri klart før! Me gratulerer Endre og Roger med NM-titlar og NM-medaljar og heile klubben med eit historisk godt NM! Når me i tillegg til sportslege triumfar sikrar klubben kjærkomne kroner gjennom dugnadsinnsats kan me slå fast at dette var ei svært vellukka helg!
Neste turnering er lagsmeisterskapen førstkomande torsdag.