Thomas til topps på Lillehammer!

Thomas Låte vann samtlege kampar under Ungdomsleikane!

I helga vart Ungdomsleikane 2019 arrangerte på Lillehammer med konkurransar i dei femten idrettane som er med i Særforbundsalliansen. Som ein del av arrangementet gjennomførte Norges Bordtennisforbund ei regionslagsturnering. Thomas Låte utgjorde saman med Seth Egenberg (Sportsklubben Heros) Region Vest sitt Gutar 17-lag.

Laget vann alle sine lagkampar, og gjekk dermed til topps i klassen! Thomas gjekk ubesigra gjennom heile lagturneringa, og viste seg med det som klassens beste spelar!

Roger Andersson var med som lagleiar saman med Anders Hovden (Laksevåg  BTK).

Me gratulerer Thomas med førsteplassen!

Neste turnering er lagsmeisterskapet førstkomande torsdag. Deretter er det regionsmeisterskap på Stord laurdag 25. mai.

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.