Roger, Håvard og Jannik lagsmeistrar!

Ein del av deltakarane i årets lagsmeisterskap.

Hardanger BTK arrangerte torsdag årets lagsmeisterskap i Norheimsund idrettshall. Roger Andersson, Håvard Markhus og Jannik Huttenlocher vart årets lagsmeistrar!

I herrar open gjekk Roger Andersson til topps etter å ha slått sonen Jan Roger Andersson i finalen. Håvard Markhus og Ivo Beijersbergen vart nummer tre.

I  herrar/damer dobbel vart para sett saman etter rankingplassering for å få jamnast moglege par. Denne klassen var svært jamn. Dei tre para vann kvar sin kamp. Håvard Markhus/Jannik Huttenlocher vart lagsmeistrar på best settdifferanse, sjølv om dei tapte mot sølvvinnarane Ivo Beijersbergen/Jeannette Huttenlocher.

Håvard Markhus og Jannik Huttenlocher vart lagsmeistrar i herrar/damer dobbel.

 

 

 

 

 

 

 

Hardanger BTK deler kvar sesong ut twist til klubbmedlemer som har teke NM-medalje. Far og son Andersson fekk utdelt twist under dagens arrangement. Jan Roger fekk også konfekt for sin EM-medalje! Endre Furu, Thomas Låte, Jack Feng og Simon Feng var ikkje til stades og vil difor få utdelt NM-twist ved seinare høve.

HBTK gratulerer årets lagsmeistrar! Me ser allereie fram til neste års lagsmeisterskap!

Roger Andersson slo sonen Jan Roger Andersson i finalen i herrar open.

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.