Tap i siste seriekamp i 4. divisjon

Endre Furu og Håvard Markhus fekk litt mindre å jubla for i dag enn då dette bilete vart teke..

Hardanger BTK sitt andrelag spela måndag sesongens tiande og siste kamp i 4. divisjon. Heros 4 var mostandar i Haukelandshallen i Bergen. Kampen enda 8-2 til bergensarane.

Grunna forfall stilte HBTK med berre to spelarar; Håvard Markhus og Endre Furu. Samstundes hadde Heros forsterka laget med Alf Erik Johannessen. Dermed vart det ein vanskeleg kamp for HBTK 2. Begge sigrane våre kom ved Håvard, som blant anna slo Alf Erik.

HBTK 2  fekk dermed 12 av 20 moglege poeng i 4. divisjon denne sesongen. Laget ligg på tredjeplass, men vil verta passert av Fjell 2 dersom dei slår Heros 4 i neste veke.

Tabell og resultat finn du her, men dette er ikkje oppdatert etter måndagens kamp.

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.