Thomas og Jan Roger regionsmeistrar!

Thomas og Jan Roger vart regionsmeistrar på Stord i helga!

Thomas Låte og Jan Roger Andersson vart regionsmeistrar i herrar dobbel under RM 2019, som vart arrangert på Stord laurdag. I herrar elite vart Thomas regionsmeister etter å ha slått Jan Roger 3-2 i ein jamnspelt finale. Thomas vann også den innlagte klassen Open invitasjon.

Dermed fekk dei ein best mogleg avslutning på sesongen, sidan dette truleg er den siste turneringa dei deltek i før sommaren. Me gratulerer begge med titlane!

Siste turnering før sommaren er Laksevåg Sommarcup i Bergen laurdag 15. juni.

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.