Oppsummering seriespel sesongen 2018/2019

Frå venstre: Jan Roger, Thomas, Jack og Roger rykka opp til eliteserien!

Hardanger BTK stilte med to lag i seriespelet sesongen 2018-2019. Førstelaget vann 1. divisjon, medan andrelaget vart nummer tre i 4. divisjon! Her kjem ei oppsummering av sesongen.

I 1. divisjon vart førstelaget serievinnarar og rykka opp til eliteserien! Laget har dermed rykka opp tre år på rad! Sju lag var med i divisjonen. HBTK vann elleve av tolv kampar. Den siste spela me uavgjort 5-5 mot Fornebu 2. Sistnemnde lag fylgde oss tett heile sesongen. Dersom dei hadde slått oss i den aller siste kampen, hadde dei teke førsteplassen, men HBTK vann den kampen 6-4. Dermed enda me på 23 poeng og var med det tre poeng framfor Fornebu 2 på andreplass. Kvoten til laget var knallsterke 100-20! Me vann alle kampar klart, bortsett frå dei to kampane mot sølvvinnarane.

Laget har brukt dei same fire spelarane heile sesongen. Desse er spelande lagleiar Roger Andersson, Thomas Låte, Jan Roger Andersson og Jack Feng.  I løpet av sesongen spela Thomas og Jan Roger sin A-lagskamp nummer 25!

Roger Andersson vart beste poengplukkar i 1. divisjon. Han vann samtlege kampar i singel samt ni av elleve i dobbel, og vart dermed årets lagspelar med 133 poeng.  Thomas vart nummer to, Jan Roger nummer fire og Jack nummer åtte i kåringa.

I 4. divisjon avdeling VV vart andrelaget nummer tre av seks lag! Laget vann fem kampar, tapte tre og spela to uavgjort. Dette gav tolv poeng. Kampkvoten var 59-41.

Seks spelarar har spela på laget i løpet av sesongen; Endre Furu, Piotr Kostrzewski, Ivo Beijersbergen, Håvard Markhus , Erik Berge Saue og Johannes Furu Skarpeid. Jan Roger Andersson har vore lagleiar.

Håvard Markhus vart beste poengplukkar for andrelaget. Med 86 poeng vart han nummer to i kåringa av årets lagspelar. Endre Furu vart nummer fem og Ivo Beijersbergen nummer ti i kåringa.

Begge laga våre var nyopprykka før sesongen. Likevel var målet å vinna 1. divisjon og koma blant dei tre beste laga i 4. divisjon. Me sikra oss gull i 1. divisjon og bronse i 4. divisjon, og er svært godt nøgde med seriesesongen!

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.