Statistikk A-lag

Under Statistikk A-lag i menyen øvst på sida finn du ei oversikt over alle som har spela A-lagskampar for Hardanger Bordtennisklubb sidan oppstarten. Det vil seia at kampane som vart spela medan klubben heitte Norheimsund Bordtennis også er med.

Statistikken er no oppdatert slik at alle kampar til og med sesongen 2018-2019 er med.

Håvard Markhus toppar med 200 A-lagskampar. Klubbleiar Jack Feng passerte i løpet av sesongen Vidar Sangolt og Kjetil Sætre, og er no nummer to på lista med 91 A-lagskampar.

Denne sesongen fekk Thomas Låte og Jan Roger Andersson pokal for å ha passert 25 A-lagskampar.

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.