Jack og Iselinn i regionsstyret!

Klubbleiar Jack Feng vart attvald til styremedlem i Bordtennisregion Vest under regionstinget i Bergen måndag. I tillegg vart Iselinn Stuve vald som ny styremedlem. Klubben vår har dermed to medlemer i regionsstyret! Anders Hovden, som er rekneskapsførar i Hardanger BTK, fortsett som styreleiar. Jack representerte regionen på tinget, medan Roger Andersson og Håvard Markhus representerte klubben.

Me ynskjer styret lukke til med arbeidet i regionen!

NB. I den første versjonen av denne saka – som vart lagt ut litt for seint på natta – vart diverre Iselinn utegløymd! Redaksjonen beklagar feilen!

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.