Støtte frå Sparebanken Vest!

Hardanger BTK har motteke 15 000,- i støtte frå Sparebanken Vest. Støtta skal gå til å kunna gje eit best mogleg tilbod til flest mogleg – uansett bakgrunn, nasjonalitet, betalingsevne eller funksjonsevne.

Banken har vore vår viktigaste støttespelar og samarbeidspartnar i mange år, og me gler oss over at dei framleis vil vera dette! Sparebanken Vest støttar oss også med gåvepremiar i samband med Norheimsund Open og andre arrangement.

Me takkar Sparebanken Vest for at dei nok ein gong støttar oss, og oppmodar alle om å bruka banken!

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.