Austerrike vitjar Hardanger

Roger og Jan Roger skal trena mykje den neste veka. Om dei vert belønna med twist og konfekt er usikkert..

Det austerriske landslaget for døve vitjar Hardanger den neste veka. Dei skal trena saman med Jan Roger Andersson, som utgjer det norske døvelandslaget, og Roger Andersson frå laurdag 10. august til laurdag 17. august.

Spelarane kjem til å trena to pass stort sett kvar dag.

Dersom det er andre frå klubben – eller frå andre klubbar – som ynskjer å trena ei eller fleire økter i løpet av perioden er det berre å ta kontakt med Roger (40100194, supermagic72@yahoo.no) for å avtala dette.

Ein del av oss har trena litt også i sommar. Tidlegare i denne veka var me åtte spelararar på ei trening, og me håpar fleire vil trena også medan me har vitjing frå Austerrike!

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.