Vellukka samling med Austerrike!

På fjelltur til Krokavatnet – med flott utsikt utover Hardangerfjorden.

Det austerriske døvelandslaget har no reist heim etter ei veke i Hardanger. Fire spelarar og ein trenar har vitja oss. Her har dei hatt ei vellukka treningssamling saman med Jan Roger Andersson, som utgjer det norske døvelandslaget, og trenar Roger Andersson. Spelarane har trent to pass stort sett kvar dag. Nokre andre HBTK-medlemer har også trent i løpet av veka.

Gjestene har også fått tid til blant anna fisking samt turar til Krokavatn, Steinsdalsfossen og Gullfiskevatnet.

Neste vår får austerrikarane besøk av Jan Roger og Roger. Då er det nemleg EM for døve i Austerrike. Me takkar gjestene for besøket og ynskjer dei velkomne tilbake ein annan gong!

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.