Stord cup 2019

Helga 21.-22. september arrangerer Stord BTK Stord Cup i Stord idrettspark.  Laurdagen er det mogleg å delta i tre klassar og det kostar mellom 100 og 150 kroner å delta i dei ulike klassane. Det er eigen nybyrjarklasse, og klassar for alle aldersgrupper. Sundagen vert det arrangert ulike lagklassar, og det kostar mellom 210 og 310 kroner pr lag.

Det er mogleg å vera med ein eller to dagar. Det kan også verta aktuelt å reisa ned fredagskveld.

Påmelding skjer til ein av trenarane på trening eller til Roger (40100194, supermagic72@yahoo.no) seinast 12. september.

Det er fint om nokon melder seg som sjåførar.

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.