Aljaz Godec klar for Hardanger BTK!

Aljaz Godec er klar for Hardanger BTK! Den 16 år gamle slovenske landslagsspelaren vart vår første signering når me skulle forsterka spelarstallen framfor debutsesongen i eliteserien.

Aljaz bur i Ravne Na Koroskem i Slovenia, og han representerer klubben med same namn. Dette er den slovenske klubben til HBTK-medlem Vegar Ljones, og dei to vert no klubbkameratar både i Noreg og Slovenia.
Aljaz sin beste prestasjon i heimlandet kom under det slovenske meisterskapet for seniorar sist sesong. Då imponerte han alle med ein sterk femteplass i herrar elite. Etter denne sterke prestasjonen fekk han trena med det slovenske seniorlandslaget framfor EM tidlegare i haust, og rykta vil ha det til at han vart vurdert for ein reserveplass på det slovenske laget som vart nummer fem i  EM!

Frå slovenske meisterskap for juniorar og kadettar har han fire gullmedaljar i dobbel og lag. I kadett har han også tredjeplass i singel. Han har tre gonger representert Slovenia i EM i aldersbestemte klassar.

Me ynskjer  Aljaz velkomen til klubben!

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.