Thomas til topps i to klassar i sesongopning!

Thomas Låte vann samtlege kampar under Stord Cup!

Thomas Låte gjekk til topps i to klassar under Stord Cup laurdag. I begge klassane slo han klubbkamerat Jack Feng i finalen.

I herrar dobbel spela Thomas med Atle Irgens frå arrangørklubben Stord BTK. Dei vann 3-1 mot Jack og makker Victoria Eilertsen frå Heros i finalen. I herrar open vann Thomas 3-0 mot klubbleiar Jack i finalen.

Håvard Markhus deltok også i turneringa, men måtte nøya seg med heiderleg innsats.

Hardanger BTK er veldig godt nøgde med sesongopninga, og gratulerer Thomas og Jack med flotte resultat!

Neste turnering er Stiga Norges Cup i Bergen 5.-6. oktober.

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.