Daniel Schaffer klar for Hardanger BTK!

Daniel Schaffer er klar for Hardanger BTK! Den 27 år gamle ungararen vart vår andre og siste signering framfor debutsesongen i eliteserien. Daniel bur i Stockholm. Han har mange sterke prestasjonar på rullebladet. Frå ungarske meisterskap har han blant anna gull i herrar junior og sølv i herrar senior. 

Som lagspelar har han erfaring frå seriespel i fleire land, og i seriesamanheng er han både gresk meister og engelsk meister. Sistnemnde tittel fekk han etter at han var med på å vinna Premier Leauge sesongen 2017/2018.  I den svenske toppserien har han kome til semifinalen. No er Daniel klar for norsk seriespel, og me håpar han kan bidra til gode resultat også her!

Me ynskjer Daniel velkomen til klubben!

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.