Sterke resultat i Norges Cup-stemne!

Frå venstre: Jack Feng, Jan Roger Andersson, Roger Andersson og Thomas Låte

Hardanger BTK stilte med fem deltakarar under helgas Norges Cup-stemne i Haukelandshallen i Bergen. Alle sikra seg flotte plasseringar! Best gjekk det med Roger Andersson. Han gjekk heilt til topps i herrar elite, etter å ha slått Jimmy Ojakangas frå arrangørklubben Laksevåg BTK 4-2 i finalen. Thomas Låte imponerte med ein sterk tredjeplass i den same klassen, etter å ha slått Finn Vetvik frå Fornebu BTK 4-2 i kvarten. Thomas fekk også ein flott andreplass i herrar eldre junior, etter å ha tapt knepent 3-2 mot Vetvik i finalen. 

Jan Roger Andersson fekk ein fin niandeplass i herrar elite. Jack Feng vart nummer sytten, etter å ha imponert med å slå lang høgare rangerte Martin Frøseth frå Tingvoll i puljespelet. Både Jan Roger og Jack vart også nummer ni i herrar eldre junior. Jack vart også nummer ni i herrar A, medan Håvard Markhus vart nummer tre i herrar B.

Hardanger BTK er veldig godt nøgde med resultat og innsats! Neste turnering er eit nytt Norges Cup-stemne i Bergen 16.-17. november.

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.