Thon Hotel Sandven ny hovudsponsor for Hardanger BTK!

Hardanger BTK kan med stor glede melda om at Thon Hotel Sandven vert hovudsponsor for klubben denne sesongen! Dette vil vera synleg  på nettsida, under arrangement og i andre samanhengar. Thon Hotel Sandven har også tidlegare støtta klubben vår.

Thon Hotel Sandven er eit tradisjonsrikt hotel frå 1857 som ligg midt i Norheimsund sentrum. Det er eit hotel som er flinke til å støtta lokale lag og organisasjonar, og no får altså Hardanger BTK igjen glede av dette! Firmaet vert no saman med Sparebanken Vest, Lingalaks og Kvam Auto våre viktigaste støttespelarar denne sesongen.

Me takkar Thon Hotel Sandven for at dei ser verdien av det arbeidet me gjer i klubben, og for at dei difor vel å gå inn som hovudsponsor for oss! Me ser fram til samarbeidet!

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.