Eliteseriedebuten nærmar seg!

Frå venstre: Jack Feng, Jan Roger Andersson, Roger Andersson og Thomas Låte

Etter tre opprykk på tre sesongar spelar Hardanger BTK i eliteserien (Stiga-ligaen) for første gong sesongen 2019/2020! Eliteseriedebuten vår vert på Framnes Arena i Norheimsund helga 19.-20. oktober.  Der møter me Fornebu BTK, Jevnaker BTK og Eiker BTK. Hovudkampen denne helga vert kampen mot Jevnaker BTK laurdag 19. oktober kl. 17.00. På Facebook finn du eit arrangement som heiter «Hardanger BTK-Jevnaker BTK (Eliteserien i bordtennis)».

Under «Eliteserien 2019-2020» øvst på denne sida finn du ein oversikt over spelarstallen vår samt link til terminliste, resultat, tabell og oversikt over årets lagspelar.

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.