Klart for eliteserie på heimebane!

Hardanger BTK er klare for sine aller første eliteseriekampar nokon gong! Denne helga spelar me tre heimekampar i Framnes Arena.

Hardanger BTK vil prøva å streama kampane på vår facebookside. På hbtk.no satsar me på live resultatservice.

Norges Bordtennisforbund har lagt ut ein førehandsomtale av eliteserien – med presentasjon av laga og tips her. Hardanger BTK vert tippa på fjerdeplass.

På Facebook finn du også eit eige event for helga, med fokus på hovudkampen Hardanger BTK – Jevnaker BTK.

Har du ikkje sett promovideoen vår for eliteserien, finn du han her.

Oversikt over kampane og annan informasjon finn du på plakaten under. Me ser fram til ei spennande helg i Framnes Arena! Vel møtt til spelarar, leiarar, dommarar, funksjonærar, presse og publikum!

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.