Tre sigrar i eliteserien!

Frå venstre: Jack, Roger, Daniel, Jan Roger og Thomas sikra Hardanger BTK seks poeng i eliteserien i helga!

Hardanger BTK sitt førstelag er nummer to på tabellen etter helgas serieopning i eliteserien (Stiga-ligaen) i Framnes Arena! Laget vann sine tre første eliteseriekampar nokon gong.

Laurdag vann laget først 6-3 mot Fornebu BTK. Me stilte med Daniel Schaffer, Roger Andersson, Thomas Låte og Jan Roger Andersson. Sigrane kom ved Daniel (2), Roger (2), Thomas og Daniel/Roger i dobbel. Dette var ein jamn lagkamp. Fire av kampane gjekk til avgjerande sett, og HBTK-spelarane vann tre av desse.

Hardanger BTK og Fornebu BTK med overdommar Kim-Erling Bolstad-Larssen i midten.

I neste kamp vart det ein klar 6-1-siger mot Jevnaker BTK. Me stilte med dei fire same spelarane. Sigrane kom ved Daniel (2), Roger, Thomas og ved dobbelpara Daniel/Roger og Jan Roger/Thomas.

Hardanger BTK og Jevnaker BTK med dommar Anders Hovden og overdommar Bolstad-Larssen i midten.

Sundag vart det 6-2-siger mot Eiker BTK. Her starta lagleiar Jack Feng lagkampen i staden for Jan Roger, medan sistnemnde kom inn i dobbel. Sigrane kom ved Daniel (2), Roger (2), Thomas og dobbelparet Daniel/Roger.

Daniel Schaffer vann alle kampane sine i helga, og toppar etter det kåringa av årets lagspelar så langt.

Hardanger BTK har rykka opp dei tre siste sesongane, og fekk altså ein draumestart i debuten i eliteserien. Med seks poeng av seks moglege og 18-6 i kampkvote ligg me på andreplass på tabellen, bak serieleiar Stord BTK og framfor Laksevåg BTK på tredjeplass. Alle dei tre Hordalandslaga vann sine tre kampar i helga.

Sjølv om me etter denne helga ligg på andreplass på tabellen må målet fortsatt vera å unngå nedrykk. Me har ikkje møtt dei to førehandsfavorittane Stord BTK og Laksevåg BTK, og to av laga me møtte i helga stilte med svekka mannskap etter forfall. Likevel gjer resultata i helga at det også er lov å drauma om å koma blant dei fire laga som kjem til sluttspelet.

Fleire har tippa at årets eliteserie vil verta svært jamn. Sånn ser det ikkje ut på tabellen etter helgas runde, men dette vil truleg jamna seg ut etter kvart.

Spelarane sat godt medan dei venta på neste kamp!

Utan inngangsbillettar er det vanskeleg å oppgje nøyaktige tilskodartal, men truleg var godt over hundre til stades i løpet av helga. På det meste var det over sytti til stades under hovudkampen Hardanger-Jevnaker. Der var speaker Arne Opsahl-Engen med på å skapa god stemning.

Klubbmedlemer har bidrege med flott dugnadsinnsats både før og under seriehelga. Me har marknadsført oss godt og lagt vekt på å gjennomføra eit godt arrangement. Promoteringsfilm, kampprogram, plakatar, annonser, pressemelding og marknadsføring via nettside og facebook er noko av det me har brukt tid på. Me har blitt intervjua av Hordaland Folkeblad, som laga ein to-siders førehandsomtale av eliteserien.

Under sjølve seriehelga hadde me live streaming via facebook og live resultatservice via nettside under alle kampane – noko som vart fulgt av folk både i inn- og utland. Me hadde trekning av gevinstar på lodd som alle fekk utdelt ved inngangen før hovudkampen. Me har hatt eit godt samarbeid med Framnes kristne vidaregåande skule, som gav oss gratis tilgang til sin flotte hall. Elevar ved skulen tok seg også av kioskdrifta under hovudkampen.

Thomas og Jan Roger i sving i dobbel mot Eiker.

Hardanger BTK er svært godt nøgde med innsats, resultat og gjennomføring av våre første eliteseriekampar! Dei neste kampane våre vert spela i Olsvikhallen i Bergen 30. november.

Takk til spelarar, leiarar, dommarar, dugnadsarbeidarar, sponsorar og publikum som medverka til ei flott helg i Framnes Arena!

Terminliste med resultat samt tabell og oversikt over årets lagspelar finn du her.

Bordtennis.no sin førehandsomtale av serien med tips og presentasjon av laga finn du her.

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.