Halloweentrening!

Trur du bordtennis ikkje kan vera skummelt 👀? Då har du tenkt feil! Kom på 🎃 Halloweentrening 🎃, torsdag 31. oktober, kl18-19. Det blir ei trening utanom det vanlege, kanskje i mørket…. Kom gjerne utkledd 👻!

På grunn av innkjøp av hjernar til zombiar 🧟‍♂️, blod til vampyrar 🧛‍♂️ og snop til oss vanlege folk 😃, vil me gjerne veta om du/de har tenkt å komma. Påmeldingsfrist er fredag 25. oktober. Du kan sende e-post til post@hbtk.no, eller gje beskjed til Liselotte Takken (45 10 11 27) eller ein annan trenar på barnetreninga tysdag eller torsdag. Med minst 4 påmeldte blir arrangementet gjennomført! Vonar mange kjem!👻

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.