Vellukka Halloweentrening!

Torsdag gjennomførte Hardanger BTK ei vellukka Halloweentrening. Nærare tjue deltakarar – flest born, men også nokre ungdomar og vaksne – var med på treninga. I ein mørklagt idrettshall vart det gjennomført speling, stafettar og leikar med sjølvlysande ballar. Snop var det også – som det alltid er på Halloween! 

Arrangementet var svært vellukka, så dette prøver me nok igjen ein annan gong!

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.