Flotte resultat i Norges Cup-stemne!

Frå venstre: Jack Feng, Jan Roger Andersson, Roger Andersson og Thomas Låte

Hardanger BTK stilte med fem deltakarar under helgas Norges Cup-stemne i Haukelandshallen i Bergen. Alle sikra seg flotte plasseringar! Best gjekk det med Thomas Låte. Han gjekk heilt til topps i herrar eldre junior, etter å ha slått Sigurd Sørheim frå Fornebu BTK 3-0 i finalen. Jan Roger Andersson vart nummer fem og Jack Feng nummer ni i klassen.

I herrar elite vart Roger Andersson nummer tre, etter å ha tapt 4-2 mot Finn Vetvik frå Fornebu BTK i semien. Thomas vart nummer fem og Jan Roger nummer ni i klassen.

Håvard Markhus vart nummer fem i herrar D etter å ha hatt meir marginar på si side enn nokon gong før. Han vann tre kampar på rad med 3-2 og hadde matchballar mot i alle kampane..

Hardanger BTK er veldig godt nøgde med resultat og innsats! Neste turnering er eit Norges Cup-stemne på Lørenskog 7.-8. desember. Sundag 8. desember er det også Region Vest Sør Cup på Stord.

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.