To tap i eliteserien

Frå venstre: Jack Feng, Jan Roger Andersson, Roger Andersson og Thomas Låte

Hardanger BTK sitt førstelag tapte begge kampane under laurdagens serierunde i eliteserien (Stiga-ligaen) i Olsvikhallen i Bergen.  Hardanger BTK stilte med Roger Andersson, Jan Roger Andersson, Thomas Låte og Jack Feng.

Me møtte dei to antatt beste laga i serien, og det vart som venta tøft. Me tapte først klart 6-1 mot Laksevåg BTK. HBTK sin siger kom ved Jan Roger.  Deretter møtte me eit svekka Stord BTK. Dette vart ein langt jamnare kamp, men Stord BTK vann til slutt 6-4. Sigrane våre kom ved Roger (2), Thomas og Roger/Jack i dobbel.

Etter helgas runde ligg Hardanger på tredjeplass på tabellen med seks poeng av ti moglege og 23-18 i kampkvote. Me har spela ein kamp mindre enn dei fleste andre laga. Kun tre poeng skil no frå lag nummer to til lag nummer fem. Fire lag kjem til sluttspelet, medan laget som kjem sist rykkjer ned dersom dei taper kvalifiseringskamp mot lag nummer to i 1. divisjon.

Trass i to tap denne helga er me med andre ord framleis med for fullt i kampen om sluttspelplass. Likevel er målet framleis først og fremst å unngå nedrykk.

Neste runde går helga 04.-05. januar. Då spelar me kampar i Bergen og på Stord.

Terminliste med resultat samt tabell og oversikt over årets lagspelar finn du her.

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.